Transponder Meldingsbok

Sikker digital meldingsbok

Ågotnes skule er i ferd med å ta i bruk ei ny digital meldingsbok for kommunikasjon mellom skule og heim. Vi har starta med 6. og 7. trinn, og alt er klart til at resten av skulen kan ta i bruk løysinga så snart vi har fått informert om kva som skal til for å kome i gang.  Den nye løysinga heiter Transponder Meldingsbok og kan lastast ned som app i App Store og Google Play. Søk deretter «Transponder Meldingsbok». I tillegg kan tenesta nyttast frå nettlesar.

Transponder Meldingsbok skal erstatta:

  • Papirmeldebok
  • SMS til skulen sin fråværstelefon
  • E-post om fråvær til lærar
  • All annan skriftleg kommunikasjon om eleven mellom skulen og heimen

Transponder Meldingsbok kan òg nyttast til:

  • At føresette gjev korte meldingar til lærar(ar)/skule
  • At lærar(ar)/skule sender korte meldingar til føresette
  • At lærar/skule sender samla meldingar/skjema til alle føresette
  • Påmelding til aktivitetar og anna

Ved pålogging første gong via ID-porten sikrar me eit høgt nivå av tryggleik for både føresette og tilsette. Alle som loggar seg inn i sine eigne ungar sine meldingsbøker, ser kven som til ei kvar tid kan lesa og skriva i bøkene. Logg deg rett inn i appen og aksepter push-varslar (då får du melding på e-post og SMS om skulen sender ut akuttvarsel) for å halda deg oppdatert i sanntid eller bruk Transponder i nettlesar frå https://www.transponder.no/meldingsbok/ .

Transponder Meldingsbok har gode hjelpesider, og du finn dei her: hjelp.transponder.no

Ågotnes skule ber om at fråvær blir meldt før klokka 8 om morgonen, så langt det lar seg gjere. Då har skulen litt tid til å registrere det i sine rutinar, slik at eventuelle timelærarar og vikarar kan få naudsynt informasjon.

Skulen har laga ei kort veiledning til sending av melding.
TRANSPONDER MELDINGSBOK – sende melding.

Ågotnes skule inviterer til Informasjonsmøte/påloggingshjelp onsdag 24. april, klasserom 17
– Småtrinnet kl. 18.00
– Mellomtrinnet kl. 19.00

Påmelding til informasjonsmøtet: Skjema for påmelding

Helsing
For Ågotnes skule
Magne Abelsen
Avdelingsleiar

Comments are closed.