Temakveld 7. februar

Ågotnes barneskule arrangerte temakveld for elevane på mellomtrinnet, i lag med føresette, om bruk av spel og sosiale media! Det var ca. 250 vaksne ogbarn som fekk høyre eit foredrag ved Guttorm Helgøy om farar og gleder i den digitale verda. Innimellom vart born og vaksne utfordra på nokre spørsmål som dei snakka og diskuterte ivrig mellom seg, og nettopp dette er noko av bodskapen som Trygg i Fjell ynskjer å få frem; det er viktig at foreldre snakkar med borna sine om kvardagslivet i den digitale verda.

Etter foredraget var det opne klasserom der føresette kunne komme inn ei kort stund og få høyre om ulike sosiale media som ein veit at elevane brukar. Det var ungdommar frå Tranevågen ungdomsskule som kom og hjelpte til med å vise ulike positive og negative sider ved sosiale media som til dømes Instagram, Snapchat og TikTok. Vi fekk og hjelp frå organisasjonen PlayWell, med ein vaksen som informerte valdelege spel og kor mange spel som inviterer til «gambling» av virtuelle og ekte pengar i eit eige «18+ rom». Målet med desse små øktene i klasseromma var å få vist foreldra korleis ungane kan bruke og misbruke dei ulike appane som vi veit born er inne på.

Tekst og bilete: Stine Mari Våge.

Comments are closed.