SYMJING

Symjing på Vannkanten

Fjell kommune har ordna med tilbod om symjing på Vannkanten for dei skulane som ikkje har fått nytta bassenget på Ågotnes skule dette skuleåret. Elevane på 4. trinn får ti gonger kvar i bassenget på Vannkanten. Det er instruktørar ved Vannkanten som har ansvar for symjeopplæringa i bassenget. Lærar og assistent reiser med buss saman med elevane til og frå Vannkanten og har ansvar for det som skjer utanom bassenget.

Vannkanten gjennomfører undervisning i symjing i tråd med læreplanverket, samt obligatorisk ferdigheitsprøve for elevane  i symjing i samsvar med retningslinjene til UDIR

4A som reiser ti torsdagar i perioden 15. februar til 3. mai.

4B og 4C reiser ti gonger, fordelt på onsdagar og torsdagar, i perioden 9. mai til 14. juni.

Elevane møter på skulen til vanleg tid. Dei har to skuletimar i starten av dagen, så reiser dei med bussen til Vannkanten.

Buss og basseng er dekka av kommunen.

 

OPPDATERING AV SITUASJONEN KRING ÅGOTNESBASSENGET

Ågotnesbassenget har vore stengt for naudsynt vedlikehald og opprusting sidan skulestarten i august 2017 – sjå https://www.fjell.kommune.no/aktuelt/somjehallen-pa-agontes-er-stengt/

Arbeidet synte seg å ta lenger tid enn først planlagt, og bassenget vil ikkje verte opna for bruk dette skuleåret – sjå https://www.fjell.kommune.no/kultur-og-fritid/offentleg-bading/

Kommunen jobbar med å finne alternative symjearenaer for elevane ved dei 5 skulane som vert råka av stenginga og håpar å få til ei ordning med det første.

 

Comments are closed.