Sykle til VM-aksjonen

I samband  med sykkel-VM, vil mellomtrinnet arrangere  ein sykkelaksjon på skulen i veke 36, 37 og 38. Då blir det ein konkurranse for elevane der klassane konkurrerer om å sykle oftast til og frå skulen.

I desse tre vekene vil vi ha ein «innsjekk» ved kantina kvar morgon mellom kl 08.10 og 08.25, der vil det stå vaksne frå skulen og registera kven som syklar.

Reglar for konkurransen:

  • Elevane må kome på sykkel eller sparkehjul
  • Elevane må bruke hjelm.
  • Elevane må sjølv passe på å registera seg i innsjekkinga.

Vi avsluttar konkurransen fredag 22.september med kåring av den klassen med best gjennomsnitt, og den eleven som har sykla oftast til og frå skulen.

Comments are closed.