Snuhammaren

Snuhammaren ved Ågotnes skule

Snuhammaren ved Ågotnes skule er i stadig utvikling. No har støypekantane langs fortaua komen på plass. Arbeidet med å leggje grus er så godt som ferdig, og så håpar vi at det veldig raskt kjem asfalt på fortaua.

For at elevane våre – borna dykkar – skal vere så trygge som mogeleg når dei ferdast i snuhammaren, er det viktig at dei får hjelp av dei vaksne som køyrer dei til skulen. Stopp alltid heilt til høgre i snuhammaren, med bilen langsmed fortauskanten. Om mogeleg, så bør dei som skal gå ut, gå ut på høgre sida av bilen og rett opp på fortauet. Då slepp nokon å gå i køyrebana og farlege situasjonar vert unngått.

Skulen oppmodar og alle som køyrer i snuhammaren om å ha lav fart, vise omsyn og gjere sitt beste for å hjelpe til med ei trygg og god trafikkavvikling. Stopp i passeleg avstand til bilen framfor og gje rom til bilar som skal ut i køyrebana. Det er og viktig at alle køyrer i same retning. U-sving kan skape farlege situasjonar.

 

Overgangsfeltet mellom parkeringsplassen og undergrunnen

Busselskapet har komen med ei oppmoding til skulen. Dei bed alle som kjem med sykkel/sparkehjul frå undergrunnen/tunellen og ut med fotgjengarovergangen om å stoppe, gå av sykkelen og trille den over gangfeltet. Det vert mørkare om morgonen og vanskelegare å sjå dei som kjem frå sida og ut i vegen.

Comments are closed.