Skulestart, mandag 17.august.

Velkommen til skulestart på Ågotnes skule. Her på Ågotnes skule  gler vi oss til å ta imot elevane etter ein velfortent ferie. Første skuledag er mandag 17.august. 2 – 7 klasse møter klokka.08.30. Vår nye 1.klasse møter ved flaggstonga kl.09.00.

Situasjonen er enno slik at skuledagen ikkje vert heilt «normal». Grunna korona-restriksjonar, vi er enno på «gult-nivå», vert det ikkje heilt «normale» dagar. Klassane vil ha eigne inngangar og uteområde på skulen. Skulen har tiltak for å redusere risiko for å bli smitta av Covid-19.

Følgjande tiltak gjeld frå skulestart og inntil vidare;

  • sjuke born skal ikkje møte, sjølv med milde symptom
  • møt ved den inngangen som er avtala for klassen/gruppa
  • bruk det uteområdet klassen har fått tildelt i friminuttet. Klassane vil rullere på bruk av område.
  • foreldre skal (om mogeleg) ikkje inn i skulebygningen. Dei vaksne på skulen vil hjelpe til med å få lagt inn nødvendig klede og liknande i garderobane. Henvendingar bør skje gjennom resepsjonen på skulen.
  • det vert ikkje felles foreldremøte i år, men det vil bli gjennomført foreldremøter  klasse/ trinnvis. Meir informasjon om dette vert lagt ut på skulen si heimeside.

Comments are closed.