Trygghet, ansvar og meistring (TAM)

Skulen nyttar seg dette skuleåret (2018-2019) av det alternative undervisningsopplegget TAM. Våre kontaktpersonar er Kenneth Bruvik og Espen Steffensen.

Kva er TAM?

TAM er eit undervisningsopplegg i regi av Hordaland jeger og fiskerforbund. Dei tilbyr alternativ undervisning for elevar med ulike tilpassingsvanskar.

Kva er målet med TAM?

Målet er at elevane skal trivast og utviklast i eit positivt læringsmiljø med fokus på god individuell oppfølging. Sosial samhandlingstrening er heilt sentral i undervisninga. Dei tek i hovudsak utgangspunkt i faga naturfag, samfunnsfag, kroppsøving, og mat og helse. Faga norsk og matematikk kjem som naturlege støttespelarar i det daglege arbeidet. Trygghet, ansvar og meistring er viktige grunnpilarar i deira samhandling med elevane.

Korleis vert undervisninga organisert?

Undervisninga vert i hovudsak organisert i mindre elevgrupper, 4-8 elevar, og med 1-2 instruktørar. Hovudbasen er hytta til Sotra jeger og fiskerforening, mens mykje av undervisninga føregår ute i naturen. Dei har eit omfattande samarbeid med Akvariet i Bergen.

Gruppa planlegg, førebur og lagar eit måltid per dag, ute på bål eller inne, og tek hand om etterarbeidet. Dette er ein viktig del av undervisningsopplegget.