Kort informasjon

Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Fjell kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Ågotnes-området har stor tilflytting av folk, og elevtalet på skulen er aukande.

Skuleåret 2018-2019 har vi 334 elevar og 47 tilsette – rektor, avdelingsleiarar, sekretær, leiar SFO, 28 lærar, 6 barne- og ungdomsarbeidarar, 5  assistentar, lærling, vaktmeister og 5 reinhaldarar.

Elevane kjem frå gardane Eide, Kårtveit og Ågotnes.

Skulen sto ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006.

Skulen vart rein barneskule hausten 2010 og visjonen vår er: «Ågotnes skule – ein god stad å vere, ein god stad å lære.»

Vi har 25-meters symjebasseng (vert pussa opp denne hausten) og eit variert uteområde med skog, sjø og vatn i gangavstand frå skulen. Ågotnes skule er dessutan øvingsskule for Høgskulen i Bergen og tek imot grupper av lærarstudentar i periodar av skuleåret.

I arbeidet mot mobbing nyttar vi Olweusprogrammet. Skulen deltek og i Trivselslederprogrammet.