Leksehjelp

§ 13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp

”Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp for elevar på 1.–4. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane kal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.(–) Departementet gir nærmare forskrifter om leksehjelptilbodet.” (Sjå http://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Vedtak/Beslutninger/Lovvedtak/2009-2010/vedtak-200910-053/)

Om leksehjelptilbodet på Ågotnes skule

Det er ikkje pedagogar, men assistentar/barne- og ungdomsarbeidarar som har ansvaret for leksehjelpa. Deltaking på leksehjelpa er frivillig og gratis og skal knytast opp mot skulearbeidet, men ikkje vere ein del av grunnskuleopplæringa.  I tilfelle med stort fråvær i personalet og problem med å få vikarar, kan det unntaksvis hende at leksehjelpa går ut.

Dei som deltek i ordninga, får tilsyn og hjelp så langt tida strekk til. De som er foreldre, kan ikkje gjere rekning med at alle leksene er ferdige når eleven kjem heim.  Det er alltid foreldra som har hovudansvaret for eleven sitt heimearbeid og som må kontrollere dette dagleg.  Leselekser passar ikkje å gjere når ei gruppe elevar skal gjere lekser samstundes, så desse må ein gjere heime einskildvis.

Tilbodet gjeld alle barn i 1.-4. klasse og er ikkje ein del av SFO.  Difor må elevar som har SFO-plass, melde seg på leksehjelpa separat.  Avtalen er bindande til han vert sagt opp skriftleg.  Fråvær vert registrert.  Viss foreldre ønskjer å ta barnet sitt ut av leksehjelpa ein dag, må dette meldast skriftleg til SFO i meldeboka.

Skulen bed foreldra i 1. klasse om å vurdere å gjere leksene saman med elevane HEIME den fyrste hausten.

Tidsplan for leksehjelpa på Ågotnes skule skuleåret 2015-2016 (det kan verte justering avhengig av kor mange som meldar seg på)

1. klasse:   Måndag, tysdag, onsdag og torsdag 30 min etter skuletid. Totalt 2,0 t pr. veke.

2. klasse:  Måndag, tysdag, onsdag og torsdag 30 min etter skuletid. Totalt 2,0 t pr. veke.

3. klasse:  Måndag, tysdag, onsdag og torsdag 30 min etter skuletid. Totalt 2,0 t pr. veke.

4. klasse:  Måndag, tysdag, onsdag og torsdag 30 min etter skuletid. Totalt 2,0 t pr. veke.

Reglar for leksehjelpa på Ågotnes skule skuleåret 2015-2016

  • Det skal alltid vera arbeidsro på leksehjelpa.
  • Alle skal vera på leksehjelpa heilt til leksetimen er slutt.
  • Dei som vert ferdige med leksene, får lesa, teikna eller gjere andre oppgåver.
  • Elevar som ikkje klarar å halde seg til reglane, får merknad i lekseprotokollen og kan verte sende ut til inspektøren eller rektor.  Då vert også foreldra kontakta av skulen.
  • Elevar som forstyrrar leksehjelpa fleire gonger, vil kunne misse tilbodet om  leksehjelp.

NB!

Leksehjelpordninga er ikkje undervisning, men eit frivillig og gratis tilbod til elevar som ynskjer å gjere lekser før dei går heim frå skulen.
Dei som deltek på ordninga, er under tilsyn av assistent, men kan berre i liten grad forvente å få hjelp ein-til-ein.
Det er viktig å merke seg at foreldra har hovudansvaret for elevane sitt heimearbeid og alltid må kontrollere leksene heime og sjekke om det er meldingar frå skulen i sekken.
Skulen bed foreldra i 1. klasse vurdere å gjere leksene saman med elevane heime den fyrste hausten.
Det er viktig at foreldra les mykje saman med barna dei første skuleåra.

Hugs:

Det er inspirerande for eleven si læring at foreldra viser interesse for skulearbeidet deira og hjelper dei etter beste evne.