SKULEFOTOGRAFERING FOR SKULEÅRET 2019-2020

Fotografering til skulekatalogen 2019-2020:

Ågotnes skule skal ha fotografering til skulekatalogen for neste skuleår desse dagane:

A.  PORTRETTFOTOGRAFERING AV DEN EINSKILDE ELEV FØR SOMMARFERIEN

    • Måndag 3. juni:  4A – 5A – 5B – 6A – 6B
    • Tysdag 4. juni:   2A – 3B – 3C – 4C – 5C
    • Onsdag 5. juni:  1A – 1B – 2B – 3A – 4B

Fotograferinga går føre seg på den grøne hovudbasen til SFO med Thomas Olsen frå Lima Foto.  Her vert det som tidlegare fotografering av elevane éin og éin.

B.  GRUPPE-/KLASSEFOTOGRAFERING AV 1. OG 7. KLASSANE ETTER SOMMARFERIEN

    • Måndag 19. august:  1A – 1B – 7A – 7B (NB! Dette gjeld neste års 1. og 7. klassar).

Her vert det fotografering av elevane klassevis.

Dessutan vert det denne dagen teke portrettbilete av dei NYE 1. klassingane.

C.  SYSKENFOTOGRAFERING

I år vert det også tilbod om å ta «syskenfoto» måndag eller onsdag etter skuletid kl. 14.00-14.30.  Denne fotograferinga vert på klasserommet til 3A, rom 107.  Her er det viktig at ein av foreldra stiller opp med dei syskena dei ønskjer bilete av saman.  Det vert ikkje sett opp eigne timeavtalar – det er berre å stille opp etter drop-in-prinsippet.

Berre ring oss på 5509 7804 viss det er noko de lurer på!

Venleg helsing Ågotnes ADM

Comments are closed.