Anna

TRIVSELSUNDERSØKING

Kjære føresette med barn i SFO!

Vi skal ha ei trivselsundersøking med alle barna som nyttar SFO.

Ved å ha denne undersøkinga, vil vi mellom anna finne ut om barna dykkar trivst i SFO, kven dei leikar med, kven dei ynskjer å leike med, relasjonar barn/barn, relasjonar barn/vaksne osv.

Det er underteikna som skal ha samtalene med alle barna. Eg vil starte i byrjinga av februar og bruke heile februar på samtalene.

Dersom de ikkje ynskjer at barnet dykkar skal delta i denne samtalen, må de melde tilbake til meg innan 5. februar på:

E-post: mette.bongom@fjell.kommune.no

Mvh
Mette Bongom
Leiar SFO Ågotnes skule

Trivselsundersøking SFO

 

Ekstratilbod:

Fjell kommune gjev tilbod om SFO i haust- og vinterferie, samt i sommarferien med ei eller to veker etter skulen er slutt og det same før skulen tek til. Dette er eit ekstratilbod som det må søkjast om og betalast for i tillegg til/utanom det ordinære tilbodet. Eit slikt ekstratilbod har vi på Ågotnes skule. Kostnad for tida er 845 kr per veke.

Du finn fullstendig reglement og søknadsskjema for SFO på nettstaden til Fjell kommune. Sjå her.

Informasjon om: Ågotnes skule SFO Info

Informasjon om leik: Leik i SFO

Vedtekter gjeldande frå 1. august 2017: SFO-vedtekter gjeldande frå 1.august 2017