Samane sin nasjonaldag 6. februar

I samband med Samane sin nasjonaldag 6. februar, har vi i 6A og 6B hatt prosjektarbeid om samane. Elevane har arbeidd hovudsakleg i den digitale verda, men har og fått brukt kreativiteten sin til å lage dorull-filt-dukkar.

 

Elles har elevane spelt inn joiken «Hejlå» med Screencastify, tostemt og trestemt, dei har lært seg samiske ord/uttrykk og tal som dei òg har spelt inn med Screencastify. Dei har arbeidd med omgrep på Quizlet og laga teikneserie på Creaza. Dei har brukt TV2skule og Salaby for å lære meir om samisk språk og kultur. Dei som har fått tid til det, har òg laga presentasjon i Google presentasjonar.

Det har vore kjempegod arbeidsinnsats gjennom heile veka, og det ser ut til at elevane har kosa seg med oppgåvene. Dei har og vore veldig flinke til å samarbeide og passa på at alle har fått spelt inn joik saman med nokon – det gleder eit lærarhjarte!

Tekst og bilete: Stine Mari Våge, kontaktlærar 6A.

Comments are closed.