Zippys venner

Skuleprogrammet Zippys venner vert drifta av Voksne for barn. Vi nyttar programmet i 1. klasse.

Mål i programmet

  • Å lære barna å identifisere og snakke om kjensler.
  • Å lære barna å meistre utfordringar og problem i dagleglivet.
  • Å lære barna å støtte andre som har det vanskeleg.

Litt om programmet

Programmet er basert på historier om pinnedyret Zippy og vennene hans, utfordringane og problema deira. Barna skal sjølve finne løysingar på dei forskjellige problema i historiene. Det blir lagt vekt på overføring av læring ved at læringserfaringar blir gjentekne i stadig nye situasjonar, både Zippy-timane og i skulekvardagen elles. Gjennom samspel og dialog deler barna opplevingar og erfaringar. Aktiviteten i timane varierer mellom historia om Zippy, teikning, rollespel, øvingar, leik og samtale. Alle historiene har fargerike illustrasjonar.

For meir informasjon om programmet, sjå eigen nettstad her.