Tydeleg, støttande og førebudd klasseleiing (TSK)

Alle barneskulane i Fjell Kommune har innført klasseleiingsprogrammet TSK. TSK står for: Tydeleg, støttande og førebudd klasseleiing.

Programmet handlar om

  • Bygge gode relasjonar mellom lærar og elev.
  • Tilrettelegge for og vere på utkikk etter meistring hos elevane.
  • Aktivt støtte og forsterke meistringa.
  • Vere tydeleg på forventningar til elevane.
  • Handtere utfordrande åtferd.
  • Motivere elevane til samarbeid, innsats og ansvarleg åtferd.
  • Betre arbeidsro, tryggleik og læringsmiljø.
  • Lage gode rutinar for krevande situasjonar.

Målet er at lærarar og elevar skal oppleve meistring og glede i klasserommet og at elevane skal få auka motivasjon til samarbeid og innsats.

Åtferdsplan

Alle klassar skal ha ein åtferdsplan. Åtferdsplanen er ei oversikt over reglar, støtte og ansvarleggjerande korreksjonar.

Reglane: Desse skal vere godt kjende hos elevane og sikre at elevane kan lære, læraren kan undervise og at alle kjenner seg trygge i klasserommet.
Støtte: Skal minne lærar på å gje elevane mange positive tilbakemeldingar. Dei positive tilbakemeldingane kan vere både munnlege og skriftlege.
Ansvarleggjerande korreksjonar: Desse skal sikre like og avtalte reaksjonar for alle. Dette bidreg til rettferd for elevane og tryggleik for foreldre. Korreksjonane er milde grensesettingstiltak som ofte inkluderar refleksjon over kva eleven kunne gjort annleis.

TSK-pyramiden, eit arbeidsredskap for læraren

Her finn du ei lenkje til TSK-pyramiden: TSK-pyramiden

TSK-brosjyre

Her finn du ei lenkje til TSK-brosjyre: TSK-brosjyre

TSK-ressurspersonar på skulen

Åse Hellevik Samuelsson
Tore Foldnes