Systematisk observasjon av lesing (SOL)

Alle barneskulane i Fjell kommune har innført SOL som verktøy for å systematisk og målretta kunne følgje opp elevane si lese- og skriveopplæring. SOL står for: Systematisk observasjon av lesing. Verktøyet er forskningsbasert og utvikla av lærarar i Gjesdal kommune under rettleiing av professor Torleiv Høien.

SOL er

  • Eit verktøy for å fastslå kvar elevane er i si leseutvikling.
  • Eit program for kompetanseheving av lærarar.
  • Eit verktøy der kvar elev vert følgd i si eiga leseutvikling gjennom alle 10 åra.
  • Eit verktøy for tilbakemelding til elevar og føresette.

Mål

  • 1.-4. klasse: Lære å lese
  • 5.-10. klasse: Lese for å lære

SOL-pyramiden, eit arbeidsredskap for læraren

Her finn du ei lenkje til SOL-pyramiden: SOL-pyramide

SOL-brosjyre

Her finn du ei lenkje til SOL-brosjyre: SOL-brosjyre

SOL-ressurspersonar på skulen

Kari Harstad Storebø
Aina Kolstad