Rutinar for klasserommet

Rutinar for klasserommet ved Ågotnes skule skuleåret 2016-2017:

  1. Jakker og sko skal hengje/stå på gangen – dei skal takast av før elevane kjem inn i klasserommet. Hugs å ta med alle verdisaker inn i klasserommet (t.d. lommebok, busskort osb.).
  2. Elevane skal stå ved pulten og helse ordentleg på læraren første timen dei har ho/han for dagen.
  3. Avslutning for dagen:
    • Elevane pakkar ikkje sakene saman før læraren gjev klarsignal.
    • Elevane får ikkje lov til å gå før det ringjer ut.
    • Elevane står ved pultane, svarar læraren når ho/han seier «takk for i dag» og går rolege ut av klasserommet.
  4. Dersom det kjem ein framand lærar, nokon frå administrasjonen eller andre ukjende inn i klasserommet, skal elevane reise seg og helse.
  5. Det er forbode å ha snop i timane. Dersom nokon har med snop, må ho/han rekne med å bli fråteken dette.
  6. Gløyming, fråvere og forseintkomming til timar:
    • Lærar dokumenterer og daterer dette og overleverer til kontaktlærar.
  7. Åtferd:
    • Elevane skal syne allmenn folkeskikk.
    • Rettesnor er ordensreglane og TSK-åtferdsplanen.
  8. Blyant, blyantkvessar, viskelær og linjal kan lånast i skuletida. Lærar gjev dette ut til elevane.