Reglar for opphald på skulen

Reglar for opphald på skulen

Reglar for opphald på skulen

Bakgrunn: 

Elevane på Ågotnes skule har rett til tryggleik og krav til personvern. For at skulen skal klare å verne om elevane på best mogeleg måte, har skulen laga reglar for opphald på skulen. Reglane har vore drøfta i FAU og vedtekne i SU-møte onsdag 19. juni 2019.

  • Alle personar (dette gjeld og føresette) skal ta kontakt med administrasjonen når dei skal inn på skulen i skuletida (levere gymtøy, matpakkar, gje meldingar,….)
  • Elevar som kjem med føresette om morgonen: Føresette leverer barnet, heng frå/hentar klede, og går. Ein kan sjølvsagt seie “god morgon” til lærar, men ingen kontakt utover det. Lærar er der 100% for elevane, ikkje dei føresette. Føresette tek kontakt med lærar skriftleg eller avtaler eit møte dersom det er naudsynt. Lærar svarer i løpet av arbeidsdagen dersom han/ho er på jobb.
  • Dersom føresette hentar borna etter skuletid, må dei vente på utsida av skulebygget.
    Dersom skulepersonell observerer framande i skulegården eller i bygget, tek dei kontakt med vedkommande og ber personen melde seg i administrasjonen.
  • I periodar der skulen gjennomfører utviklingssamtalar er skulen nøye med å opplyse om kva rom samtalane skal føregå i. Dersom skulepersonell ser vaksne dei ikkje veit kven er i denne perioden spør dei kven dei er og kven dei skal ha tak i.
  • Dersom elevar skal bli henta av andre enn føresette må lærar ha melding om dette på førehand. Det er ikkje godt nok at eleven sjølv fortel dette.

Det er eigne reglar for levering og henting på SFO.

Rektor
Dagfinn Ellingsen
Ågotnes skule