Ordensreglar

Ordensreglar ved Ågotnes skule skuleåret 2018-2019:

Ågotnes skule er arbeidsplass for elevar og tilsette. Det bør vera i alle si interesse å gjera arbeidsmiljøet så trygt og triveleg som mogleg.  Ordensreglane må sjåast som ei rettleiing i dette arbeidet.

  1. Alle skal visa høvisk framferd overfor kvarandre.
  2. Elevane skal gjere dei arbeidsoppgåvene dei vert pålagde. Dersom nokon får arbeidsoppgåver dei meiner dei ikkje er i stand til å utføre, eller på anna vis kjenner seg urettferdig behandla, kan og bør dette takast opp med kontaktlærar eller rektor.
  3. Berre sjukdom eller annan tvingande grunn gjev høve til å vera borte frå undervisninga. Skulen må få melding om fråvere, helst på førehand, dersom det er mogeleg. Dersom fråværet varer i tre dagar eller meir, må skulen straks få melding.
  4. Elevane skal vera på skuleområdet i friminutta. Opphald i korridorar og klasserom i friminutta er til vanleg ikkje tillate.
  5. Følgjande må vi forby i skuletida: 
    1. Snøballkasting (snøballkasting er berre tillate mot oppsett blink).
    2. Sykling, sparkehjul, rullebrett, rullesko, rulleskeiser.
    3. Røyking og bruk av snus og rusmidlar. Dette gjeld også ved andre tilstellingar ved skulen.
    4. Snop.
    5. Bruk av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr er ikkje tillate i skuletida eller på skulen sitt område. Dersom elevane tek med seg slikt utstyr på skulen, vert det på eige ansvar, og utstyret skal liggja avslått i sekken. Med anna privat elektronisk utstyr meinar ein til dømes elektroniske musikkspelarar og spel.
    6. Private leikar, til dømes spel, dokker, bilar.
  6. Det må gjerast merksam på følgjande:
    1. Sykling til og frå skulen er foreldra sitt ansvar. Trygg Trafikk gjev råd om sykling frå hausten i 5. klasse. Elevane får eiga sykkelopplæring om våren i 4. klasse. Viss elevane syklar til skulen, bør dei nytte hjelm.
    2. Ein lærar har høve til å visa ein elev ut frå timen dersom eleven uroar undervisninga. Administrasjonen må få melding om dette.
    3. Ein lærar har høve til å halda ein elev att etter skuletid dersom eleven ikkje rettar seg etter ordensreglane. Heimen skal ha skriftleg melding melding om dette på førehand. Ein lærar har også høve til å halda ein elev inne i friminutta.
    4. Rektor har høve til å visa ein elev bort frå skulen resten av skuledagen. Elles kan ein elev i skuleåret verta flytta til ein annan klasse dersom dette er naudsynt.
    5. Elevane er ansvarlege for skulemateriellet dei får utlevert. Ingen må gjera skade på bøker, skulesaker, inventar, bygningar eller leikeapparat. Med heimel i lov av 13. juni 1969 om skadeserstatning, kan ein påleggje skadeutøvaren å betala inntil kr 5.000,- for kvar einskild skade.
  7. Dersom elevane vil halda tilstellingar, møte o.l. på skulen, må dei be rektor om løyve til dette. Ordensreglane gjeld på alle slike arrangement, også på skuleturar o.l.