Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial atferd

Mål for programmet

  • Å auke medvitet og kunnskapen om mobbeproblem, samt å fjerne ein del myter om mobbing og årsaker til mobbing.
  • Å få lærar og foreldre til aktivt å engasjere seg.
  • Å innføre nokre enkle og klare reglar mot mobbing. Desse fire reglane vert brukt i programmet:
    • Vi skal ikkje mobbe andre.
    • Vi skal forsøke å hjelpe elevar som vert mobba.
    • Vi skal og vere saman med elevar som lett vert åleine.
    • Viss vi veit om at nokon vert mobba skal vi fortelje det til kontaktlærar (eller ein annan lærar) og dei heime.
  • Å gje støtte til og effektivt vern av den mobbeutsatte.

Tiltak på skulenivå

  • Elevundersøking med spørjeskjema (digitalt).
  • Felles markering av satsinga på arbeidet mot mobbing.
  • Betre inspeksjon i friminutta.
  • Oppretting av samordningsgruppe på skulen.
  • Pedagogiske samtalegrupper (lærarar og anna personale).

Tiltak på gruppenivå

  • Skulereglar mot mobbing – ros og sanksjonar.
  • Regelmessige klassemøter (lærarar og elevar).
  • Foreldremøte.

Tiltak på individnivå

  • Alvorlege samtalar med mobbarar og mobbeutsatte.
  • Samtalar med foreldre til innblanda elevar.
  • Utvikling av individuelle tiltaksplanar.

Olweuskoordinator på skulen

Tore Foldnes

Olweusinstruktør for skulen

Irene Eide

For meir informasjon om programmet, sjå eigen nettstad her.