English school day

Fredag 22.11.19 har elevane på mellomtrinnet hatt English School Day.

Dei har møtt opp i klede som dei fant heime som kunne minne om engelsk skuleuniform og dei tok oppgåva på alvor. På biletet ser vi elevane då dei hadde «Assembly» i gymsalen.

Vi vaksne har kjent oss litt som om vi var på besøk på eigen arbeidsplass, der mange nye, engelsktalande elevar plutseleg hadde inntatt skulen. Fleire i personalet meinte vi burde ha English School Day kvar dag, for det var særs god arbeidsinnsats og fin ro i timane.

 

 

Takk til studentane som planla dagen og til elevar og vaksne som gjorde det til ein suksess.

 

Refleksvestaksjon 2019.

Mandag 25.november (veke 48) startar Ågotnes skule og FAU ein refleksvestaksjon. Den varer til onsdag 18.desember.

I løpet av dei nesten 4 vekene som aksjonen varer vil elevane, som brukar refleksvest om morgonen, bli registrert av lærar/kontaktlærar ved oppstilling. Registreringa er to dagar kvar veke, men på tilfeldige dagar.

Dei to klassane med høgast tal på refleksvestbrukarar,i forhold til klassestorleik, vil bli premiert.

Refleksvestaksjonen 2019-info til foreldre

 

Møteplan for FAU og SU. 2019 -2020.

Det er lagt ut møteplan for FAU og SU møter på sidene til FAU og SU.Desse datoane er førebels sett opp; 30/10, 4/12, 22/1,18/3,6/5, 27/5. FAU-møter starter kl.18.00, og SU-møter starter kl.19.30.

 

Konsert med Nina og Sommarfuglfiskane

Torsdag 19. september hadde skulen besøk av musikarar som hadde konsert for elevane ved Ågotnes skule. For at alle skulle få kome tett på og oppleve musikarane på nært hald, vart elevane delt i to grupper og det var to konsertar.

Musikarane opplevde elevane som positive og engasjerte og syntest det var kjekt å vere på Ågotnes skule.

Det er kjekt med ny impulsar i skulekvardagen.

SKULEFORELDREMØTE 27. og 28. AUGUST

INNKALLING TIL SKULEFORELDREMØTE PÅ ÅGT TYS 27. OG ONS 28.08.2019

Velkomen til – 

SKULEFORELDREMØTE

I GYMSALEN OG PÅ KLASSEROMMA PÅ

ÅGOTNES SKULE

1.-4. KLASSE: TYSDAG 27. AUGUST 2019 KL. 18.00-20.00

5.-7. KLASSE: ONSDAG 28. AUGUST 2019 KL. 18.00-20.00

Etter møtet i gymsalen, går alle foreldra vidare til klasseromma for klasseforeldremøte.
Skuleforeldremøta i gymsalen er opne for alle føresette ved den einskilde skulen iflg. Opplæringslova:

”På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.  
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø.  Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.” (§11-4.)
Klasseforeldremøta i klasseromma er opne for dei føresette i den einskilde klassen.

SAKLISTE PÅ MØTA I GYMSALEN:

  1. PRESENTASJON av personalet (assistentar–lærarar-miljøarbeidar-ADM)
  2. DET PSYKOSOSIALE SKULEMILJØET med resultata frå mobbeundersøkinga våren 2019
  3. ORIENTERING VED ADMINISTRASJONEN

 Skulen forventar at alle elevane er representerte med minst éin vaksen

 Det vert enkel servering av kjeks, te, kaffi, frukt, twist i gymsalen.

 Hjarteleg velkomne!

 Venleg helsing Administrasjonen Ågotnes skule

LEKSEHJELP 2019-2020

I 2010 vedtok Stortinget å innføre ei frivillig og gratis ordning med organisert leksetid for elevar på småskuletrinnet.  Meininga er at elevar som ønskjer, skal få høve til å gjere lekser på skulen før dei går heim.  Ordninga med leksehjelp vart vedteke i Stortinget 4. juni 2010: 

  • 13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp

http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Leksehjelp/Informasjon-om-leksehjelp-i-grunnskolen-Udir-6-2010/

Det er ikkje pedagogar, men barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar som har ansvaret for leksehjelpa. Deltaking på leksehjelpa er frivillig og gratis og skal knytast opp mot skulearbeidet, men ikkje vere ein del av grunnskuleopplæringa.  I tilfelle med stort fråvær i personalet og problem med å få vikarar, kan det unntaksvis hende at leksehjelpa går ut.

Dei som deltek i ordninga, får tilsyn og hjelp så langt som tida strekk til. De som er foreldre, kan ikkje gjere rekning med at alle leksene er ferdige når eleven kjem heim.  Det er alltid foreldra som har hovudansvaret for eleven sitt heimearbeid og som må kontrollere dette dagleg.  Høgtlesing av leselekser passar ikkje å gjere når ei gruppe på 10-15 elevar sit saman på eit rom og skal gjere lekser samstundes, så desse må ein gjere heime einskildvis.

Tidsplan for leksehjelpa 2019-2020 (det kan verte justeringar avhengig av kor mange som melder seg på):

2.-4. klasse:        Måndag til torsdag 30 min etter skuletid –totalt 2 t pr. veke

5.klasse:             Måndag og torsdag 60 min etter skuletid –totalt 2 t pr. veke

Tilbodet gjeld alle barn i 2.-5. klasse og er ikkje ein del av SFO. Denne påmeldinga gjeld altså ikkje elevar som har SFO-plass. Avtalen er bindande til han vert sagt opp skriftleg.  Fråvær vert registrert.  Sjå fleire reglar på neste side.

Viss de som foreldre ønskjer å ta barnet dykkar ut av leksehjelpa ein dag, må dette meldast frå om på førehand. Bruk Transponder Meldingsbok.

Påmeldinga til leksehjelp er bindande og gjeld fram til sommaren 2020.

Viss de ønskjer at barnet dykkar skal ha leksehjelp, må de fylle ut vedlagte skjema og returnere det til skulen innan onsdag 28.august 2019

Oppstart vert måndag 2.september 2019.

Ågotnes, 20. august 2019

Venleg helsing
for Ågotnes skule
Dagfinn Ellingsen
rektor

INFO OG REGLEMENT LEKSEHJELP I 2.-5.KLASSE 2019-2020 (002)

PÅMELDING LEKSEHJELP 2019-2020

 

 

VELKOMEN TIL SKULESTART

Torsdag 15. august vert det skulestart for alle elevar ved Ågotnes skule.

2. – 7. trinn møter på småtrinnet sitt uteområde med ballbana og det nye klatrestativet kl. 08.30.

1. trinn møter ved flaggstonga kl. 09.00.

Vi ønskjer alle velkomen til skulestart og gler oss til å treffe dykk.

 

Med helsing administrasjonen.

Reglar for opphald på skulen

Bakgrunn: 

Elevane på Ågotnes skule har rett til tryggleik og krav til personvern. For at skulen skal klare å verne om elevane på best mogeleg måte, har skulen laga reglar for opphald på skulen. Reglane har vore drøfta i FAU og vedtekne i SU-møte onsdag 19. juni 2019.

  • Alle personar (dette gjeld og føresette) skal ta kontakt med administrasjonen når dei skal inn på skulen i skuletida (levere gymtøy, matpakkar, gje meldingar,….)
  • Elevar som kjem med føresette om morgonen: Føresette leverer barnet, heng frå/hentar klede, og går. Ein kan sjølvsagt seie “god morgon” til lærar, men ingen kontakt utover det. Lærar er der 100% for elevane, ikkje dei føresette. Føresette tek kontakt med lærar skriftleg eller avtaler eit møte dersom det er naudsynt. Lærar svarer i løpet av arbeidsdagen dersom han/ho er på jobb.
  • Dersom føresette hentar borna etter skuletid, må dei vente på utsida av skulebygget.
  • Dersom skulepersonell observerer framande i skulegården eller i bygget, tek dei kontakt med vedkommande og ber personen melde seg i administrasjonen.
    • I periodar der skulen gjennomfører utviklingssamtalar er skulen nøye med å opplyse om kva rom samtalane skal føregå i. Dersom skulepersonell ser vaksne dei ikkje veit kven er i denne perioden spør dei kven dei er og kven dei skal ha tak i.
  • Dersom elevar skal bli henta av andre enn føresette må lærar ha melding om dette på førehand. Det er ikkje godt nok at eleven sjølv fortel dette.

 

Det er eigne reglar for levering og henting på SFO.

Rektor
Dagfinn Ellingsen
Ågotnes skule

Lenkje til dokumentet: Reglar for opphald på skulen