Broderlenkje for demokrati

Bilete 1

I dag 20. mai har elevar og lærarar på Ågotnes skule forma ei broderlenkje for å vise at vi står saman! For 200 år sidan fekk Noreg eigen grunnlov og det vart den gong markert ved at Eidsvollmenna stod saman i ei tilsvarande lenkje.

Påskeverkstad i 1. og 2. klasse

1 og 2 klasse har gjennom heile den siste veka før påske hatt påskeverkstad der vi har vore i grupper på tvers av klassane.

Elevane har fått laga ulike ting kvar dag.

Det vert nok mange fint pynta påskeheimar denne påska, med både harer, kyllingar, egg, lam og soler…

GOD PÅSKE!

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

Matteverkstad i 1. og 2. klasse

1 og 2 klasse hadde i veke 13 matteverkstad kvar dag dei to første timane. Klassane var då delt inn i grupper på tvers av klassane og vi hadde mange kjekke aktivitetar.

Dei ulike aktivitetane var blant anna ludo, butikkleik, bowling, tangram, bingo og bygging ved hjelp av erter og tannpirkarar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

1. klasse på teljetur:)

Første klasse hadde ein flott tur i det deilige veret i forrige veke. Vi gjekk til frukostplassen og hadde grupper som talte ei mengde pinnar/kongler. Så fann vi ut at det var lurare og meir oversiktleg å leggja dei i bunker på 10 og 10. Då vart det lettare å telja dei.
Vi hadde med oss egg som vi kokte på stormkjøkken. Vi hadde lauk oppi vatnet og låg egga oppi. Det var ei magisk oppleving når vi oppdaga at egga vart påskegule!!!
Egga smakte veldig godt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA