VELKOMEN ATT TIL EIT NYTT SKULEÅR!

Alle tilsette ved Ågotnes skule ynskjer elevar og føresette velkomen til eit nytt skuleår! Vi håpar alle har hatt ein fin ferie og ser fram til eit spanande og lærerikt skuleår saman med dykk.

Her kjem viktig info om oppstarten:

  • Skulen startar opp att torsdag 14. august:
    • 1. klasse kl. 09.00 – møter ved flaggstanga.
    • 2.-7. klasse kl. 08.30 – møter ved handballbana.
    • Skuledagen varar til kl. 13.05 for 1.-4. kl. og kl. 14.00 for 5.-7. kl.
    • SFO opnar kl. 07.00 og stengjer kl. 16.30.
  • Fredag 15. august vert det skulefotografering for 1. kl. og andre elevar som ikkje vart fotografert i vår. 1. og 7. klasse skal og ta klassebilete.
  • Onsdag 20. august vert det møte i FAU kl. 18.00-19.30 og i SU kl. 19.30-21.00.
  • Tysdag 26. august vert det foreldremøte for SFO kl. 19.00-20.30.
  • Onsdag 27. august vert det skuleforeldremøte med årsmøte i Foreldrerådet i gymsalen kl. 18.30-19.30.

Fjell Kommune er førebels ikkje ramma av streik som følgje av den pågåande arbeidskonflikten mellom Utdanningsforbundet og KS. Vi vil oppfordre føresette til å følgje med i media om utviklinga og vil sjølv orientere dykk dersom Ågotnes skule vert ramma.

Med venleg helsing Administrasjonen

Skulefotografering

Det vert skulefotografering for 1.-6. klasse torsdag 5. juni. Vi nyttar FOVEA som i haust og alle skal ta potrettbilete. 6. klasse skal i tillegg ta klassebilete. Vi håpar då å ha klar skulekatalog tidleg i haust.

Broderlenkje for demokrati

Bilete 1

I dag 20. mai har elevar og lærarar på Ågotnes skule forma ei broderlenkje for å vise at vi står saman! For 200 år sidan fekk Noreg eigen grunnlov og det vart den gong markert ved at Eidsvollmenna stod saman i ei tilsvarande lenkje.

Påskeverkstad i 1. og 2. klasse

1 og 2 klasse har gjennom heile den siste veka før påske hatt påskeverkstad der vi har vore i grupper på tvers av klassane.

Elevane har fått laga ulike ting kvar dag.

Det vert nok mange fint pynta påskeheimar denne påska, med både harer, kyllingar, egg, lam og soler…

GOD PÅSKE!

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA