Temakveld 7. februar

Ågotnes barneskule arrangerte temakveld for elevane på mellomtrinnet, i lag med føresette, om bruk av spel og sosiale media! Det var ca. 250 vaksne ogbarn som fekk høyre eit foredrag ved Guttorm Helgøy om farar og gleder i den digitale verda. Innimellom vart born og vaksne utfordra på nokre spørsmål som dei snakka og diskuterte ivrig mellom seg, og nettopp dette er noko av bodskapen som Trygg i Fjell ynskjer å få frem; det er viktig at foreldre snakkar med borna sine om kvardagslivet i den digitale verda.

Etter foredraget var det opne klasserom der føresette kunne komme inn ei kort stund og få høyre om ulike sosiale media som ein veit at elevane brukar. Det var ungdommar frå Tranevågen ungdomsskule som kom og hjelpte til med å vise ulike positive og negative sider ved sosiale media som til dømes Instagram, Snapchat og TikTok. Vi fekk og hjelp frå organisasjonen PlayWell, med ein vaksen som informerte valdelege spel og kor mange spel som inviterer til «gambling» av virtuelle og ekte pengar i eit eige «18+ rom». Målet med desse små øktene i klasseromma var å få vist foreldra korleis ungane kan bruke og misbruke dei ulike appane som vi veit born er inne på.

Tekst og bilete: Stine Mari Våge.

Temakveld 7. februar 2019

Torsdag 7. februar blir det temakveld på Ågotnes skule.

Foreldre og føresette er med dette inviterte til temakveld om bruk av internett, speling, sosiale media, gode og mindre gode appar og anna som opptar barna/elevane våre i den digitale verda.
Alle elevane på mellomtrinnet må halde av kvelden, då det er obligatorisk deltaking frå kl. 18.00 – 20.00.  Elevane får avspasere dei to siste timane onsdag før vinterferien.

Guttorm Helgøy
Rektor Gangstø Ressurssenter. Prosjektleiar TRYGG I FJELL.
http://www.fjell.no/gangstogarden/ansatte/

Kvelden startar med ei samling i gymsalen leia av Guttorm Helgøy, rektor ved Gangstø ressurssenter og prosjektleiar for Trygg i Fjell. Etter eit foredrag med deltaking og utfordringar, vert det mogeleg å velje mellom ulike tema i fleire av romma på skulen. Då er det både elevar og lærarar som kan hjelpe med å forklare forskjellige appar og program.

Treng du litt hjelp til å finne vekeplanen eller få oversikt over kva eleven din gjer på MSØ? Eller er Google Classroom eit kjent omgrep, men likevel litt vanskeleg å få heilt tak på? Då er dette kvelden å vere med på. Skulen stiller med dyktige og erfarne lærarar som kan forklare og vise.

18+

I tillegg vert det eit rom med aldersgrense 18+. Det har vore ein av hovudideane til Guttorm – å la foreldre sjå kva nokre av elevane faktisk driv på med når dei spelar spel med aldersgrense 18+.Det kan verte ei overrasking for nokon og einkvar. Trudde du forresten at YouTube er ein trygg plass for born og unge? Kanskje du får eit anna syn på det etter å ha vore innom 18+-rommet.

I forkant av temakvelden vil vi ha ei anonym undersøking blant elevane og spørje kva for spel som er mest populære og kor mange som spelar spel med 18-årsgrense. Resultatet får du om du kjem på Ågotnes skule torsdag 7. februar kl. 18.00.

Velkomen til TEMAKVELD!

Helsing mellomtrinnet Ågotnes skule
v/avdelingsleiar Magne Abelsen.

Juleavslutning for 2.-4. trinn

Tysdag 11. desember hadde 2.-4. trinn juleavslutning med innslag frå «Jul i Blåfjell» (2. trinn), «Vertshuset den gyldne hale» (3. trinn) og «The Julekalender» (4. trinn). Det heile vart avslutta med eit flott felleskor. Takk til publikum for god støtte og varm applaus samt bidrag med kakebaking og kaffilaging! Takk og til alle dei som var med å bidra til «Hei Verden – Skolens egen solidaritetsaksjon». Vi fekk inn 2676 kr!!

Velkomen til «Nissedisco» i gymsalen på fredag 23. november!

1.-4. klasse kl. 17.30-19.00.

5.-7. klasse kl. 19.30-21.00.

  • Inngangspengar kr 50,-
  • Sal av diverse kioskvarer
  • Konkurransar og kule premiar
  • Ta gjerne på deg nissehue eller andre juleeffektar.

NISSEDISCO PÅ ÅGOTNES FRE 23.11.2018

Venleg helsing Foreldrerådet sin Sosialkomité ved Ågotnes skule