Trolldag i skogen for 1. klasse

1. klasse har for tida om eventyr og onsdag 5.3 var vi på tur i skogen. Vi gjekk i grupper og hadde ulike aktivitetar. Ei gruppe laga troll av ulike ting frå naturen. Ei gruppe dramatiserte eventyret «Dei tre bukkene Bruse». Den siste gruppa lærde seg songen «Trollgubben Lurvelegg» med røyrsler.

Til slutt fekk alle vise kva dei hadde gjort.

Alle var einige om at det hadde vore ein eventyrleg dag i skogen!!

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Mattematikkdagar

3. og 4. klasse har fredag 14.02 og måndag 17.02 hatt aktivitetar med fokus på matematikk. Dei har vore i aldersblanda grupper. Dagane har vore velukka med mange blide barn og vaksne som har hatt det kjekt saman.

Bilete 1Bilete 1Bilete 2Bilete 8Bilete 3Bilete 9Bilete 4Bilete 10Bilete 11

OL-parade i gymsalen

I dag har elevar frå 1.-4. klasse gått i OL-parade i gymsalen med flagg frå eige land. Land som var representert var: Italia, Polen, Serbia, Russland, Tjetjenia, Spania, Litauen, Estland, Kurdistan, Thailand, Sverige, Danmark, Somalia, USA, Tyskland, England, Frankrike, Filipinene, Sør-Korea, Sveits og Colombia.

Paraden vart avslutta med dans til «OL-floka». Stemning var på topp!

Tilsyn frå Fylkesmannen i Hordaland

I februar 2014 vert det gjennomført tilsyn med tema: Skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale skulemiljø, jf. Opplæringslova kapittel 9a. I Fjell kommune gjeld dette Brattholmen skule, Ågotnes skule og Fjell Ungdomsskule.

Tilsynet vert utført med gjennomgang av innsendt dokumentasjon og intervju og samtalar på skulane. Fylkesmannen vil intervjue rektor, avdelingsleiar, SFO-leiar, kontaktlærarar, assistentar og representantar for elevane og foreldra (elevrådet og Skulemiljøutvalet). Dei det gjeld, vil få ein eigen invitasjon. Målet med tilsynet er å sjå til at skulane følgjer lovverket i høve arbeidet med skulemiljøet.

Orienteringsmøte for foreldre/føresette i 1. klasse 2014-2015

Vi vil gjerne orientere alle nye foreldre/føresette om 1. klassingane sin førskuledag i juni, om SFO-ordninga og leksehjelpordninga, om val av målform – bokmål/nynorsk, om skuleskyss og lover og reglar.

Tid: Onsdag 19. mars 2014 kl. 19.00 – 20.00
Stad: Klasserom 5, Ågotnes skule

Skriv og vedlegg er sendt i posten: Invitasjon orienteringsmøte 1. klasse Ågotnes 2014-2015

Vedlegga finn ein under Kontakt oss – Skjema.

TL Kick-off 3. februar

I dag var alle elevane samla i gymsalen for å markera starten på trivselsleiarprogrammet denne våren. Dei nye trivselsleiarane vart presentert og elevane dansa trivselsdansen. Stemninga var på topp!

Bilete 1Bilete 2Bilete 3Bilete 4Bilete 5Bilete 6

Elevfri dag fredag 7. februar – SFO er open

Det er elevfri dag på Ågotnes skule fredag 7. februar, men SFO er open for elevar i 1.-4. klasse som treng det. Vi sender ranselpost heim med elevane med påmelding/svarslipp. Skulen bed om at svarslippen vert levert attende innan onsdag 5. februar.

SFO er open frå kl. 07.00 til kl. 16.30.

2A og verdsrommet

Elevane i 2A har hatt tema om verdsrommet. Dei har mellom anna arbeida med solsystemet. I den samanheng har elevane laga ein modell over alle planetane. Elevane har vore særs interesserte i dette temaet og dei har lært mykje.

IMG_1785IMG_1786