Orienteringsmøte for foreldre/føresette i 1. klasse 2014-2015

Vi vil gjerne orientere alle nye foreldre/føresette om 1. klassingane sin førskuledag i juni, om SFO-ordninga og leksehjelpordninga, om val av målform – bokmål/nynorsk, om skuleskyss og lover og reglar.

Tid: Onsdag 19. mars 2014 kl. 19.00 – 20.00
Stad: Klasserom 5, Ågotnes skule

Skriv og vedlegg er sendt i posten: Invitasjon orienteringsmøte 1. klasse Ågotnes 2014-2015

Vedlegga finn ein under Kontakt oss – Skjema.

TL Kick-off 3. februar

I dag var alle elevane samla i gymsalen for å markera starten på trivselsleiarprogrammet denne våren. Dei nye trivselsleiarane vart presentert og elevane dansa trivselsdansen. Stemninga var på topp!

Bilete 1Bilete 2Bilete 3Bilete 4Bilete 5Bilete 6

Elevfri dag fredag 7. februar – SFO er open

Det er elevfri dag på Ågotnes skule fredag 7. februar, men SFO er open for elevar i 1.-4. klasse som treng det. Vi sender ranselpost heim med elevane med påmelding/svarslipp. Skulen bed om at svarslippen vert levert attende innan onsdag 5. februar.

SFO er open frå kl. 07.00 til kl. 16.30.

2A og verdsrommet

Elevane i 2A har hatt tema om verdsrommet. Dei har mellom anna arbeida med solsystemet. I den samanheng har elevane laga ein modell over alle planetane. Elevane har vore særs interesserte i dette temaet og dei har lært mykje.

IMG_1785IMG_1786

Prisregulering i SFO f.o.m. 2014

Det vart gjort vedtak i kommunestyret 19.12.2013 om gebyr og betalingssatsar for 2014. Etter dette vart prisen i skulefritidsordninga auka.

Ny pris f.o.m. januar 2014:
Heil plass f.o.m. 12 t/veka – kr 2250,- pr. mnd.
Delt plass t.o.m. 11 t/veka – kr 1690,- pr. mnd.

Skulegudsteneste

Onsdag 18. desember vert det julegudsteneste i Landro kyrkje. 5. – 7. klasse skal til gudsteneste kl. 10.15, medan 1. – 4. klasse skal til gudsteneste kl. 11.15. Alle klassane skal gå til og frå kyrkja. Det vert difor viktig å kle seg etter vêret. Elevane har fått ein lapp med seg heim i ranselpost der ein må fylle ut om ein skal delta på julegudsteneste eller ikkje. Elevar som ikkje deltek på julegudstenesta vil få eit alternativt tilbod på skulen.