Mellomtrinnet kjem på skulen

Det er 8 klassar på mellomtrinnet. Dei 8 klassane vert delt i to grupper med fire klassar i kvar grupper. Gruppene kjem på skulen motsette dagar (alternerande dagar).

 

I veke 20 vert det slik:

Tysdag 12.5 og torsdag 14.5 kjem 6B, 6C, 7A og 7B på skulen.

Onsdag 13.5 og fredag 15.5 kjem 5A, 5B, 5C og 6A på skulen.

Klassane møter på skulen like før skulestart, og går saman med lærar til klasserommet når det ringer inn kl. 08.30. Skuledagen varar til kl. 13.15.

Dei klassane som ikkje møter på skulen, har fjernundervisning frå kl. 08.30. All undervisning startar altså til same tid.

Fråvære og melding om elev skal som vanleg skrives i Transponder Meldingsbok.

Om morgonen oppfordrar vi føresette som følgjer eleven til skulen, om å ta farvel med snuhammaren/parkeringsplassen. Ingen føresette kan komme inn på skulen.

Elevane må vaske hender før dei drar heimanfrå.
Elevane vil vere på same kohort i skuletida – og på SFO for dei som har SFO-plass. På mellomtrinnet vil kohortane vere lik klassane.

Utdanningsdirektoratet har lagt ut ein god film som fortel om korleis det er å kome tilbake til skulen: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/filmer/

Om nokon vil lese meir om råda i smittevernrettleiiaren, finn de den her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/skoletrinn-1-7/

Småtrinnet møter på skulen slik dei har gjort dei to førre vekene.

Beste helsing Ågotnes skule

Comments are closed.