Meir informasjon om søndag 24. september

Filmopptak med drone.

Kl.08.00: oppmøte i kantina for dei elevane som ynskjer å verta malt i andletet (skulen har ansiktsmaling). Vi hjelper kvarandre med å male.

PS! Parkering: Den siste meldinga skulen har fått, er at det vert IKKJE mogeleg å parkere på grusbana. Politiet stengjer vegen opp til hallen og fansona med tanke på tryggleiken. Difor oppfordrar vi alle til å gå eller sykle til skulen.

Kl.8.30: oppmøte på friidrettsbana. Sjå etter plakat der det står Ågotnes skule. Dei foreldra som har meldt seg på saman med barna, er med under arrangementet og hjelper med å sjå til at alt går fint for seg.

Kl. 9-12: underhaldning på scena og heiing langs løypa. For meir detaljert program, sjå eiga sak her på heimesida.

Dei elevane som ynskjer å male seg heime, eller som ikkje vil ha ansiktsmaling, møter på friidrettsbana kl.8.30.

Ågotnes skule sit bidrag til underhaldninga, er å vise ein film samt å danse (elevane veit sjølv kven som skal bidra her).

Elevane får utdelt raude VM t-skjorter (på skulen fredag) som dei skal bruke på søndag.

Elles vil vi oppmode alle til å ha med flagg, bjøller, fløyter og liknande slik at vi kan lage liv og røre langs løypa.

Dette vert kjekt, vi gler oss.
Ta kontakt om noko er uklart.

For
VM-gruppa på Ågotnes skule
Aina Kolstad og Magne Abelsen

Comments are closed.