Leseiver vart premiert med eigne datamaskinar

Håvard Siegel Haukeberg ser på medan elevane pakkar ut og klargjer premie-maskinane.

I vår gjorde klasse 4B ved Ågotnes skule ein formidabel innsats i lesekonkurransen Lesemaraton 2017. Dei 24 elevane i klassen las til saman 14.670 sider, brukte 160 timar og 54 minutt på lesing. I snitt las dei 611 sider den veka konkurransen varte.

Premien var lån av nye,
flotte HP 2-i-1 maskinar.

 

Kristoffer Thomsen er IT-pedagog og lærte elevane nokre oppstartstips med dei heilt nye maskinane.

Håkon og Kristoffer frå Microsoft hjelpte elevane med pålogging og å kome i gang med maskinen første dagen.

 

Kontaktlærar Rose Gamslett ser fram til å nytte dei nye maskinane i undervisninga.
Ho har tidlegare drilla klassen i nettvett og bruk av It’s Learning, og no har ho byrja å snakke om koding!

 

Ågotnes skule ønskjer elevar

Odd-Marcus Gjerstad og Luise Wietschorke er godt nøgd med den nye PC’en.

og lærarar lukke til med premiane og vonar dei vert til både glede og nytte og hjelper elevane til ny lærdom.

 

Ågotnes skule,
ved IKT-ansvarleg,
Magne Abelsen.

Comments are closed.