LEKSEHJELP 2019-2020

I 2010 vedtok Stortinget å innføre ei frivillig og gratis ordning med organisert leksetid for elevar på småskuletrinnet.  Meininga er at elevar som ønskjer, skal få høve til å gjere lekser på skulen før dei går heim.  Ordninga med leksehjelp vart vedteke i Stortinget 4. juni 2010: 

  • 13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp

http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Leksehjelp/Informasjon-om-leksehjelp-i-grunnskolen-Udir-6-2010/

Det er ikkje pedagogar, men barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar som har ansvaret for leksehjelpa. Deltaking på leksehjelpa er frivillig og gratis og skal knytast opp mot skulearbeidet, men ikkje vere ein del av grunnskuleopplæringa.  I tilfelle med stort fråvær i personalet og problem med å få vikarar, kan det unntaksvis hende at leksehjelpa går ut.

Dei som deltek i ordninga, får tilsyn og hjelp så langt som tida strekk til. De som er foreldre, kan ikkje gjere rekning med at alle leksene er ferdige når eleven kjem heim.  Det er alltid foreldra som har hovudansvaret for eleven sitt heimearbeid og som må kontrollere dette dagleg.  Høgtlesing av leselekser passar ikkje å gjere når ei gruppe på 10-15 elevar sit saman på eit rom og skal gjere lekser samstundes, så desse må ein gjere heime einskildvis.

Tidsplan for leksehjelpa 2019-2020 (det kan verte justeringar avhengig av kor mange som melder seg på):

2.-4. klasse:        Måndag til torsdag 30 min etter skuletid –totalt 2 t pr. veke

5.klasse:             Måndag og torsdag 60 min etter skuletid –totalt 2 t pr. veke

Tilbodet gjeld alle barn i 2.-5. klasse og er ikkje ein del av SFO. Denne påmeldinga gjeld altså ikkje elevar som har SFO-plass. Avtalen er bindande til han vert sagt opp skriftleg.  Fråvær vert registrert.  Sjå fleire reglar på neste side.

Viss de som foreldre ønskjer å ta barnet dykkar ut av leksehjelpa ein dag, må dette meldast frå om på førehand. Bruk Transponder Meldingsbok.

Påmeldinga til leksehjelp er bindande og gjeld fram til sommaren 2020.

Viss de ønskjer at barnet dykkar skal ha leksehjelp, må de fylle ut vedlagte skjema og returnere det til skulen innan onsdag 28.august 2019

Oppstart vert måndag 2.september 2019.

Ågotnes, 20. august 2019

Venleg helsing
for Ågotnes skule
Dagfinn Ellingsen
rektor

INFO OG REGLEMENT LEKSEHJELP I 2.-5.KLASSE 2019-2020 (002)

PÅMELDING LEKSEHJELP 2019-2020

 

 

Comments are closed.