Jettegryter på Sotra

Turen gjekk via Angeltveitsjøen – her med elevar frå 7.trinn.

Fredag 25. august kom mellomtrinnet ved Ågotnes skule skikkeleg i gang med haustsemesteret. Då drog dei nemleg på den tradisjonsrike ‘haustturen’. Frå Ågotnes skule gjekk vi til Angeltveitsjøen og så gjekk vi på vestsida mot Havutsikten.

Denne gongen var målet ukjend for dei fleste elevane, for lærarane ville overraske med noko ‘nytt’. Men, nytt og nytt… Vest for Havutsikten ligg det nokre jettegryter. Dei har ikkje skulen vitja på fleire år, og difor var det ei ny erfaring for dei aller fleste elevane – og lærarane, viste det seg.

Den største jettegryta ved Havutsikten, er stor nok til at fleire elevar får plass inni henne.

Frå Havutsikten gjekk vi tilbake til Polleidet og vidare til skulen.

Fakta om JETTEGRYTE

Jettegryte, rund grop erodert i fjell. Jettegryter er dannet i breelver mot slutten av siste istid ved at smeltevann satte stein og grus i roterende bevegelse. Jettegrytene kan bli flere meter dype.

www.snl.no

 

Nærare 150 elevar og lærarar hadde ein flott tur i stålande solskin. Det var nok likevel manga som skulle ønskt det ikkje var helt vindstille, for då hadde gjerne knotten haldt seg meir på avstand.

 

Magne Abelsen
Lagleiar 5-7

Comments are closed.