Innskriving i 1. klasse skuleåret 2019/2020

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år (jmf. Opplæringslova §2-1).  Ved Ågotnes skule får vi 50 nye førsteklassingar til hausten.

Vi ber no alle føresette med barn som skal starte i 1.klasse, om at dei går inn på Fjell kommune sitt innskrivingsskjema og registrerer eleven sitt sjølve: https://www.fjell.kommune.no/barnehage-og-skule/innskriving-1.-trinn/

Og vi håpar alle kan ha fullført denne registreringa innan fredag 22. mars 2019.

Deretter vert det eit kort orienteringsmøte for dei nye førsteklasseforeldra onsdag 27. mars kl. 18-19 – sjå brev med invitasjon(også sendt i posten): BREV MED INVITASJON TIL ORIENTERINGSMØTE ONS 27. MARS 2019 FOR 1. KLASSE VED ÅGT SKULE 2019-2020

Så vert dei nye førsteklassingane inviterte til førskuledag fredag 7. juni kl. 12.30-14.00.  Skulen sender meir informasjon når tida nærmar seg.

Til slutt kjem den store dagen – FØRSTE SKULEDAG – torsdag 15. august 2019!

Generell informasjon om skulen vår finn de elles her på www.agotnesskule.no.  Ta gjerne kontakt viss det er spesielle tilhøve de som foreldre ynskjer å få rettleiing om.

Velkomen til Ågotnes skule!

Comments are closed.