Gjenopning for småtrinnet på Ågotnes skule

Ågotnes skule ønskjer elevane i 1. – 4. trinn velkomen tilbake til skulen.

Vi gler oss til å sjå elevane igjen!
Det er samtidig viktig å minne om at vi opnar skulen med ei rekkje smitteverntiltak som vil påverke skuledagen. Vi minner om nokre viktige punkt her og legg ut oversikt over uteområda for dei ulike trinna. Dei vil og vere oppmøtestad for elevane om morgonen.

Det er viktig at alle elevane har spist frukost heime før dei kjem til skulen; også dei som skal på SFO.
Opningstid for SFO: kl. 08.15 – 15.45.

Skuledagen startar kl. 08.30. Elevane vil ha 5 skuletimer kvar dag og er ferdige kl. 13.15.

Fråvære og melding om elev skal som vanleg skrives i Transponder Meldingsbok. Kontaktlærar eller lærar som er ansvarleg for kohorten, vil svare.

Om morgonen oppfordrar vi føresette som følgjer eleven til skulen, om å ta farvel med snuhammaren/parkeringsplassen. Ingen føresette kan komme inn på skulen.

Elevane må vaske hender før dei drar heimanfrå.
Elevane vil vere på same kohort i skuletida – og på SFO for dei som har SFO-plass.
Utdanningsdirektoratet har lagt ut ein god film som fortel om korleis det er å kome tilbake til skulen: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/filmer/

Her er oversikt over dei ulike områda på skulen. Nedanfor er ei liste som viser kvar dei ulike trinna skal møte og vere i friminutta/utetida: Uteområde

  1. trinn: SFO-området
  2. trinn: Klatrestativet og skogen
  3. trinn: Dissene med flaggstanga
  4. trinn: Basketballbana og skogen

Vel møtt til skulestart måndag 27. april kl. 08.30.

Comments are closed.