Ferie-SFO

No har Øygarden kommune oppdatert skjema og informasjon for påmelding til ferie-SFO. Her er lenkje til kommunen si nettside: Skjema for ferie-SFO

Søknadsfrist for Sommarferie-SFO er 29.mai. 2020.

Ein kjem ikkje til å få faktura/bli fakturert for Sommarferie-SFO om den vert avlyst.

Dei føresette skal ikkje betala for barnehage og SFO når desse tilboda er stengde. Dermed skal det ikkje betalast for desse tenestene frå 13. mars og fram til dei er opne igjen.

Til vanleg vert det fakturert for barnehage og SFO kvar månad. På grunn av den ekstraordinære situasjonen med koronavirus, ventar vi med å fakturera for perioden 1. til 12. mars til tilboda om barnehageplass og SFO er tilbake.

Comments are closed.