Brannøving 11.01.2018

Ågotnes skule gjennomførte i dag ei brannøving med alle klassane. Det tok ikkje mange minutt før elevane stilte opp på basketballbana for oppteljing. Etter berre vel 6 minutt var alle elevane oppe på grusbana.

Denne gongen var det ei varsla øving, og elevane fekk ta på sko og jakke før øvinga starta.

Administrasjonen er fornøgd med øvinga, og planlegg minst ei øving til dette skuleåret.

Elevane stiller opp på basketballbana for teljing før dei går til grusbana.

Comments are closed.