Bli med på Sykkel-VM arrangement søndag 24. september

Bli med på folkefesten når eit av verdas største idrettsarrangement rullar forbi! Søndag 24. september syklar Edwald Boasson-Hagen og Alexander Kristoff saman med resten av verdas beste syklistar forbi Ågotnes! På kunstgrasbana ved sida av Tranevågen ungdomsskule skal det vere ei fansone med arrangement frå kl. 9 og utover dagen – sjå nettsida til Sykkel i Vest

Skulane i område nord er invitert til å delta i fansona med innslag/underhaldning på scena og heiing langs løypa. For barneskulane gjeld dette elevar frå 5.-7. klasse. Med tanke på bemanning, treng vi informasjon om kor mange elevar frå 5.-7. klasse som skal delta. Vi bed óg om at de svarar dersom de ikkje kan delta. Tilbakemeldingsfrist er søndag 10. September! Registreringa er stengt.

Det vil vere ulike aktivitetar i dei ulike fansonane i Fjell kommune. Her er programmet for Ågotnes fansone:
08:30 Oppmøte på friidrettsbanen på Ågotnes stadion. Sjå etter plakat med skulen sitt namn.
09:00 Salgsbodar opnar. Elevinnslag/underhaldning frå scena ved 5.-7. trinn skulane i område nord og Tranevågen ungdomsskule.
09:50 Vi går bort og heiar langs løypa.
10.05 Rittstart frå Rong – vert vist på storskjerm
10:30 Konsert i fansona med Anna og Vilde frå MGP junior
10:50 Felles VM song/dans i fansona med Absence Crew
11:10 Underhaldning i fansona med Apa frå vennebyen
11:50 Konsert i fansona med Hege Turøy
12:00 Oppmøte på friidrettsbanen på Ågotnes stadion. Elevar vert henta av føresette.

Programmet på scena held fram til 12.35. Dei elevane som vil vere til slutt, kan sjølvsagt vere der med føresette.

Elevar frå 1.-4. klasse er sjølvsagt og velkommen i fansonen, men då i følgje med føresette!

NB! Arrangementet i fansonen er eit offentleg arrangement. Det gjeld difor andre reglar for bildetaking og filming enn i skuleregi.

 

Comments are closed.