100 dagarsfeiring i 1. og 2. klasse 23.01.2014

Elevar i 1. og 2. klasse feira at dei hadde gått 100 dagar på skulen 23.01.2014.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

 

 

 

Elevane gjorde mange spanande aktivitetar denne dagen:

  • Dei song songen «Big numbers», der dei talde til ein trillion (!) på engelsk.
  • Dei talde til 100.
  • Dei leita etter tal i klasserommet og tala dei fann vart til eit bilete.
  • Dei snakka om kor gamle dei ville vere om 100 år.
  • Alle elevane hadde i lekse å ta med seg 100 av ein ting. Dette vart til ei utstilling.
  • Dei samanlikna og såg på skilnaden mellom 100 makaroni og 100 leikar.
  • Dei var på besøk hos kvarandre for å sjå på utstillingane.
  • Dei laga 100 talet med kroppen i gymsalen.

Som avslutning på den fine dagen fekk elevane popcorn!

 

Comments are closed.