Velkommen til Ågotnes skule

Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Fjell kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Ågotnes-området har stor tilflytting av folk, og elevtalet på skulen er aukande. Les meir…


Lus på skulen.

Nok ein gong har vi fått besøk av lus på skulen. Vi ber difor om at alle blir sjekka for lus. Meir informasjon og behandlingsmåtar kan ein finna på sidene til Folkehelseinstituttet; fhi.no/tema/lus

«Snuhammaren»

Om morgonen,før skulestart, er det hektisk aktivitet i «snuhammaren» ved skulen. Mange elevar kjem til fots, andre vert køyrt. Vi vonar dei som køyrer er observante, både med omsyn til dei gåande og med parkering og avlevering av barn. Mange barn er uføreseielege i trafikken,difor oppmodar vi alle til å ta omsyn til dette, slik at farlege situasjonar ikkje oppstår.

Juleavslutningar

Juleferien nærmar seg med raske steg.. Dei ulike klassane har planlagt avslutningskveldar som følgjer;

Torsdag 12.des for 5-7 klasse i gymsal og på klasserom.

Tirsdag 17.des for 2-4.klasse i Ågotnes-hallen.

Onsdag 18.des for 1.klasse i gymsal og på klasserom.

For at kveldane skal bli så vellukka som råd er det viktig at alle er med og hjelper til. Ta gjerne kontakt med klassekontaktar, slik at dei kan få eit oversyn over kven som gjer kva.

 

English school day

Fredag 22.11.19 har elevane på mellomtrinnet hatt English School Day.

Dei har møtt opp i klede som dei fant heime som kunne minne om engelsk skuleuniform og dei tok oppgåva på alvor. På biletet ser vi elevane då dei hadde «Assembly» i gymsalen.

Vi vaksne har kjent oss litt som om vi var på besøk på eigen arbeidsplass, der mange nye, engelsktalande elevar plutseleg hadde inntatt skulen. Fleire i personalet meinte vi burde ha English School Day kvar dag, for det var særs god arbeidsinnsats og fin ro i timane.

 

 

Takk til studentane som planla dagen og til elevar og vaksne som gjorde det til ein suksess.

 

Refleksvestaksjon 2019.

Mandag 25.november (veke 48) startar Ågotnes skule og FAU ein refleksvestaksjon. Den varer til onsdag 18.desember.

I løpet av dei nesten 4 vekene som aksjonen varer vil elevane, som brukar refleksvest om morgonen, bli registrert av lærar/kontaktlærar ved oppstilling. Registreringa er to dagar kvar veke, men på tilfeldige dagar.

Dei to klassane med høgast tal på refleksvestbrukarar,i forhold til klassestorleik, vil bli premiert.

Refleksvestaksjonen 2019-info til foreldre

 

Møteplan for FAU og SU. 2019 -2020.

Det er lagt ut møteplan for FAU og SU møter på sidene til FAU og SU.Desse datoane er førebels sett opp; 30/10, 4/12, 22/1,18/3,6/5, 27/5. FAU-møter starter kl.18.00, og SU-møter starter kl.19.30.

 

Konsert med Nina og Sommarfuglfiskane

Torsdag 19. september hadde skulen besøk av musikarar som hadde konsert for elevane ved Ågotnes skule. For at alle skulle få kome tett på og oppleve musikarane på nært hald, vart elevane delt i to grupper og det var to konsertar.

Musikarane opplevde elevane som positive og engasjerte og syntest det var kjekt å vere på Ågotnes skule.

Det er kjekt med ny impulsar i skulekvardagen.